Til stjernene fell ned
307

Kjærleik i lufta. Sanning på bordet.
Det er sommar. Det er bryllaup. Familien har samla seg for å feire Sylvia og Marek. Musikken dundrar og glas klirrar, men under latteren og dansen ulmar alt det som aldri har blitt sagt.
Dramakomedie
8. mai 2026
2 timar og 50 min. (inkl. pause)
Det benyttes strobelys og røykes urtesigaretter i forestillingen.
Om forestillingen
Det som byrjar med hårspray, kjoletrøbbel og søskenkrangel blir eit eksplosivt oppgjer mellom generasjonar med draumar, skuffelsar og svik. Når natta fell på og festen kokar over, er det ingen som slepp unna.
Beth Steels kritikarroste «Til stjernene fell ned» er eit gjenkjennbart vittig og nådelaust familiedrama om kjærleik, stoltheit og tilhøyrsle. Gjennom éin einaste dag og ein stadig meir kaotisk bryllaupsfest trer ein heil familie fram i all si skjønnheit og skam.
Med skarpt språk, mørk humor og eit usedvanleg presist blikk for menneskeleg åtferd viser stykket korleis vi blir forma av det vi kjem frå, og kor vanskeleg det er å sleppe taket i dei vi kallar våre eigne.
Kva skjer når den lukkelegaste dagen i livet vårt opnar døra til alt vi eigentleg ikkje snakkar om?
«Til stjernene fell ned» hadde urpremiere på National Theatre i London i januar 2024 og har fått strålande omtalar. Den blei då mellom anna omtalt som «magnificent theatre» og «a gloriously messy affair» av britisk presse.
Foto: Helge Hansen & Jonas Bostrøm | Montag
Av Beth Steel
Omsett av Selma Lønning Aarø
Regi: Miriam Prestøy Lie
«Kort fortalt eskalerer det heile, frå sivilisert samvær til total familiær kollaps, og det er uhyre komisk.»
«Det er levande teater, laga med overskot og kløkt, og framføringa seier noko viktig. Ikkje berre om livet, men om teaterkunsten.»
Fra forestillingen



Medvirkende
Av Beth Steel
Omsett av Selma Lønning Aarø
Regissør: Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesign: Olav Myrtvedt / Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Silje Grimstad
Lyddesign: Alf Lund Godbolt
Intimitetskoordinator: Alicia Eidesund
Dramaturg: Kjersti Gulliksrud
Inspisient: Julie Bakke Kvalen / Rebekka Dybvik
Sceneteknisk ansvarleg: Anette Fedje Buseth
Lysmeister: Kari-Ann Skårbø Sande
Lydtekniker: Tor Endre Kalvenes
Rekvisitør: Espen Røen
Kostymeansvarleg: Vibeke Sebak
Maskør: Silje Benedicte Lie
Kostymeteknikar: Astrid Eisenmenger
Sufflør: Birte Valkyrje Rolland
Forlag: Teaterforlaget Nordiska ApS
Teo Tomczuk er praktikant frå Copenhagen Acting School.
