search

Sytten somrar

213

- Ei tyskarjente si historie

Våren 1945 er for alltid rissa inn i historia vår. Også i livet til sytten år gamle Solveig. Det er den våren ho treff atten år gamle Hans, og tek eit val som kjem til å forme resten av livet hennar.

Om forestillingen

av Stig Amdam
Regi: Miriam Prestøy Lie
Urpremiere: 28. januar, Teaterkjelleren

«Sytten somrar» er eit nyskrive stykke som fortel historia til ei av dei mange «tyskarjentene» under den andre verdskrigen. Det er ei sterk og dramatisk skjebneforteljing om kjærleik og svik. Ei historie om øydelagde familiar, og om den brutale behandlinga norske kvinner som falt for tyske soldatar fekk i det nasjonale krigsoppgjeret. I «Sytten somrar» flyt fleire tidsplan over i kvarandre, og vi følgjer Solveig frå ho står på terskelen til vaksenlivet i Noreg, og gjennom livet ho stablar på føtene i eit utbomba DDR åra etter krigen.

Sjølv om det å vere kjærast med ein tysk soldat ikkje var straffbart, fekk mange norske kvinner brutal straff i etterkrigstida. Og det var ikkje så reint få: ei berekning anslår at så mykje som om lag ti prosent av norske kvinner mellom 15-30 år vart saman med ein tysk soldat under okkupasjonstida. Sjølv om ein kjærleiksrelasjon ikkje var nok til tiltale etter landssviklovgivninga, blei mange av kvinnene likevel internert. Fleire av kvinnene blei òg utsett for offentlege hemnaksjonar, tvangsklipping og tvangsundersøkingar.

Sommaren 1945 vart grunnlova endra med tilbakeverkande kraft, slik at dei som hadde gifta seg med ein tysk soldat fekk fråteke statsborgarskapet. På 1950-tallet kunne nokre av kvinnene søke om å få tilbake det norske statsborgarskapet under strenge reglar. Dei måtte blant anna flytte tilbake til Noreg, der den hatske haldninga mot dei var relativt uendra.

Les mer

«Sytten somrar» er skrive av Stig Amdam. Som dramatikar belyser han ofte historiske hendingar gjennom engasjerande og nære menneskeskildringar, og har tidlegare skrive mellom anna «Dyveke», «Et bedre sted», «Simons historie» og «Skipet de Zee Ploeg».

Regissør Miriam Prestøy Lie har dei siste åra markert seg gjennom ein rekke kritikarroste oppsetjingar, og var i 2022 aktuell med «De ansatte» av Olga Ravn på DNS. Til «Sytten somrar» har ho fått med seg eit strålande kunstnarleg team; Chris Holm og Thea Hjelmeland skriv musikken, Tora Troe er scenograf og Silje Grimstad lysdesigner.

Kjøp billetter

Medvirkende

Se alle medvirkende

Regissør: Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesigner: Tora Troe
Lys – og videodesigner: Silje Grimstad
Musikk: Chris Holm og Thea Hjelmelan
Dramaturg: Lillian Bikset

Gavekort

Gi teatermagi i gave! Du bestemmer selv beløpet du vil gi.

Nyhetsbrev

Få rykende fersk informasjon og de beste tilbudene først.

Teatertjommi

For deg mellom 18 og 30 år. Forestillinger til 50 % rabatt, og mer!