Svart-hvit plakat av Jon Fosses skuespill "Nokon kjem til å kome" med tre individer, to i profil og en fremovervendt, med et dystert uttrykk.

Nokon kjem til å kome

257

«Eit gamalt vakkert hus
Langt borte frå andre hus
og frå andre folk
Der du og eg kan vere åleine
Åleine saman»

Han og Ho flyttar frå byen for å være åleine saman. Dei skal isolere seg for å kunne gå heilt opp i kvarandre, i intens og rein tosemd. I trygg avstand frå sine tidlegare liv skal dei gi kvarandre ein ny start. Men huset dei flyttar til har ei historie. Nokon har budd der før. Snart dukkar mannen som selde dei huset opp, og set planane deira på prøve.

Drama

Malersalen

28. september

TBA

Inngår ikke i årskort

Svart-hvitt-bilde av tre seriøse individer som står overfor hverandre med en i bakgrunnen. Norsk tekst lyder "Jon Fosse - Nokon kjem til å kome" nederst.

Om forestillingen

«Nokon kjem til å kome» av Jon Fosse er eit tett trekantdrama om tosemd, einsemd og korleis omverda kan bli ein trussel. Forventningar og håp brest, og ny frykt veks fram. Er parforholdet sterkt nok til å tole det? Dette er eit stykke som dykkar inn i angsten og sjalusiens irrgangar.

+ Les mer

Med sin heilt spesielle nerve og stil fangar Jon Fosse både det kvardagslege og det universelle, og borer med lett hand djupt i store tema som håp, liv og død. Han er den mest spelte norske dramatikaren etter Henrik Ibsen med over 1000 oppsetjingar verda over på meir enn 50 språk. Fosse debuterte som dramatikar på DNS i 1994 med «Og aldri skal vi skiljast», og han fekk sitt store internasjonale gjennombrot med «Nokon kjem til å kome» 1999 i Paris. Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur.

Av Jon Fosse
Regi: Terje Skonseng Naudeer

Kjøp billetter

Denne forestillingen er ikke inkludert i Årskort 2024.

+ Se flere datoer

Medvirkende

+ Se alle medvirkende

Regi: Terje Skonseng Naudeer I Dramaturg: Lillian Bikset.