Solrun Toft Iversen

Teppefall for teaterhuset på Engen

Fredag 11. april er det teppefall på DNS. Nå er vi klar for nye scener og nye teateropplevelser rundt om i byen.

Det er historiske dagar på DNS. Denne  veka har vore prega av travelheit, forventning og vemod på huset vårt. I 116 år har det  myldra av tilsette og publikum her. Det har bugna av eventyrlege ting og saker. No har vi pakka alt ned. I kveld går teppet ned for siste gong på ei stund. Det vert ein kveld der vi vil kjenne på vår kjærleik for huset på Engen – og kor glade vi er i publikum vi møter der.

Men sjølv om vi vil sakne dei tradisjonsrike veggane som har famna oss så lenge, er vi fulle av forventning og ambisjonar for tida som kjem. Vi har allereie teke fatt på vårt virke utanfor huset og kjenner at vi gler oss til å treffe dykk på nye scenar. På Bergen Kjøtt formidlar våre fantastiske skodespelarar ein gripande og evig forteljing i «Antigone». Eg synes denne framsyninga syner så godt korleis nye omgjevnader også gjev oss heilt unike kunstnarlege mogelegheiter. Vi på DNS grip no sjansen til å skape heilt eineståande opplevingar som brukar byen vår på ein ny måte.  Vi ser fram til det. Og vi håpar de vil følge med oss rundt på eventyr medan vi ventar på å flytte inn i eit modernisert teaterbygg. Eit nytt og styrka DNS som tek imot publikum med lav terskel og raus takhøgde. Eit hus der alle kan kjenne seg velkommen.

Imellomtida gler i oss til å treffe deg på Bergen Kjøtt, Christinegaarden i Sandviken, I krypten under Nykirken på Nordnes, på Verftet, på Forum Scene på Danmarksplass, På Det Vestnorske Teateret, på turne rundt omkring i Vestland, i Grieghallen – og ikkje minst i våre nye lokaler på Tårnplass. På «Lille DNS» vil vi ha open dør for deg, anten du vil orientere deg om programmet vårt eller delta på arrangement vi inviterer inn til der.

DNS er klare for å treffe dykk på nye scener. Eg håpar de vil bli med.

Solrun Toft Iversen
teatersjef