En middelaldrende kvinne med rødbrunt hår, iført en rødbrun topp og et gullkjede, smiler forsiktig mot en mørk, uskarp bakgrunn med mykt lys.

Takk for 2025 – velkommen til 2026!

Kjære alle teatervenner!

Når året går mot slutten, er det som om tida dreg pusten. Vi ser oss litt tilbake på det vi har delt, men mest av alt vender vi blikket framover. Mot det som enno ikkje har fått form, men som ventar på å bli tenkt, spelt og erfart i lag.

Vi lever i ei tid der mykje står i rørsle. Verda kjennest tettare, meir uroleg og meir samansett. Nettopp då treng vi rom der vi kan stanse opp. Der vi kan kjenne etter. Der vi kan sjå oss sjølve og kvarandre litt klårare. For meg er teateret eit slikt rom. Ein stad for fellesskap, for motstand, for trøyst og for håp.

TEATERET SOM ROM

2025 har vore eit år der også vi har vore i rørsle. Teaterhuset vårt på Engen vart stengt til påske, og det har kravd både omstilling og vilje til å tenkje nytt. Vi har møtt dykk på mange ulike scener rundt om i byen, og kvar einaste gong har de minna oss om kvifor vi gjer dette. Teateret lever der menneske møtest, ikkje berre der bygget står.

Denne erfaringa tek vi med oss vidare. I 2026, som allereie er lansert, held vi fram med å utforske nye rom og nye måtar å vere teater på. Vi ønskjer å vere til stades i byen, i samtida og i samtalen, også når den er krevjande.

I RØRSLE, SAMAN

I 2026 er det 150 år sidan Den Nationale Scene vart offisielt stifta. Det minner oss om at teateret alltid har vore tett vevd saman med samfunnet rundt seg. Med språket, identiteten og demokratiet. Med kven som får kome til orde, og kven som blir sett. Å bere dette ansvaret vidare i ei tid der ytringsrom og tillit ikkje kan takast for gitt, er både eit privilegium og forpliktande.

Vi står midt i arbeidet med å modernisere teaterhuset vårt. Det er eit stort ansvar, ikkje berre å ta vare på ein verna skatt av eit bygg, men å sikre eit ope, relevant og levande teater for nye generasjonar. Eit hus som rommar både historia og framtida. Eit hus der mange stemmer får plass.

Å BERE HISTORIA VIDARE

Alt dette gjer vi ikkje åleine. Vi gjer det i lag med dykk. Med publikum, samarbeidspartnarar og kunstnarar som trur på at kunsten har ei rolle å spele i samfunnet. Ikkje som pynt, men som ein nødvendig del av det felles rommet vårt.

Eg vil takke dykk for nærværet, for nysgjerrigheita og for viljen til å dele rom, tid og tankar med oss. Det er eit privilegium å få lage teater for dykk.

No går vi inn i eit nytt år. Med varme hjarte. Med ope blikk. Og med eit sterkt ønskje om å halde fram med å skape rom for refleksjon, mot og fellesskap, også når det kostar.

Eg ønskjer dykk eit godt nytt år og mange sterke møte i teateret i tida som kjem.

Med ønske om alt godt for det nye året,

Solrun Toft Iversen
teatersjef, DNS