Om forestillingen Sytten somrar

«Sytten somrar» er eit nyskrive stykke av Stig Amdam som fortel historia til ei av dei mange «tyskarjentene» under den andre verdskrigen. Det er ei sterk og dramatisk skjebneforteljing om kjærleik og svik. Ei historie om øydelagde familiar, og om den brutale behandlinga norske kvinner so, forelska seg i tyske soldatar fekk i det nasjonale krigsoppgjeret. I «Sytten somrar» flyt fleire tidsplan over i kvarandre, og vi følgjer Solveig frå ho står på terskelen til vaksenlivet i Noreg, og gjennom livet ho stablar på føtene i eit utbomba Aust-Tyskland åra etter krigen.

Sjølv om det å vere kjærast med ein tysk soldat ikkje var straffbart, fekk mange norske kvinner brutal straff i etterkrigstida. Og det var ikkje så reint få: ei berekning anslår at så mykje som om lag ti prosent av norske kvinner mellom 15-30 år vart saman med ein tysk soldat under okkupasjonstida. Sjølv om ein kjærleiksrelasjon ikkje var nok til tiltale etter landssviklovgivninga, blei mange av kvinnene likevel internert. Fleire av kvinnene blei òg utsett for offentlege hemnaksjonar, tvangsklipping og tvangsundersøkingar.

Sommaren 1945 vart grunnlova endra med tilbakeverkande kraft, slik at dei som hadde gifta seg med ein tysk soldat fekk fråteke statsborgarskapet. På 1950-tallet kunne nokre av kvinnene søke om å få tilbake det norske statsborgarskapet under strenge reglar. Dei måtte blant anna flytte tilbake til Noreg, der den hatske haldninga mot dei var relativt uendra.

 

Sjå intervju med Stine Robin Eskildsen som spelar Solveig og Odin Waage som spelar Hans i filmen under.