Fem bandmedlemmer poserer sammen til venstre og en smilende kvinne sitter til høyre.

Medaasprisens festkonsert

På årets festkonsert 6. desember vert to prisar delte ut; til Hellbillies (2020) og Ingebjørg Bratland (2021). På scena får dei selskap av Berit Håpoldøy, Tom Roger Aadland, Bård Ose og mange fleire. Konferansier er Finn Tokvam.

Festforestillinga 6. desember er til ære for vinnarane av Medaasprisen både i 2020 og 2021. Det betyr endå meir festivitas og jubel enn tidlegare år!

Hellbillies var ikkje dei første som song på dialekt. Men å framføra amerikansk rock og country på hallingmål, var nybrotsarbeid av beste merke. I sitt trettiande år står bandet som eit lysande føredøme for andre norske artistar.

Ingebjørg Bratland er frå i Vinje i Telemark, men har budd brorparten av sitt vaksne liv i Oslo. Ho omfamnar gjerne storbyen i songane sine. For henne er det akkurat like naturleg som at ho alt i tenåra var norsk og nordisk meister i folkemusikk.

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:
Kari Bremnes (2019)
Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse Hagen (2000)