Et svart-hvitt portrett av en kvinne som stirrer i det fjerne, med hånden på skulderen.

Medaasprisens festkonsert

Kari Bremnes skal mellom anna dela scene med Jan Eggum, Olav Stedje , Oddvar Torsheim og Voksne Herrers Orkester. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.

Denne festforestillinga er til ære for den flotte nordnorske artisten, og vi treff ho saman med mange andre gjestar. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg konferansier

Kari platedebuterte i 1987 som soloartist med «Mitt ville hjerte». Tre år seinare skreiv ho sin første tekst – «Københavnerkneipe» – om ei nordnorsk jente fortapt i metropolen. Alt her såg vi at eksistensielle tema gjerne står tydelegare fram når utgangspunktet er det nære og opphavelege. Sjølv då ho vart æra med ein plass i salmeboka, kjende vi henne igjen i den vakre dåpssalmen «Lite barn som kommer».

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:
Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse Hagen (2000)

d