Mann med hvitt hår og skjegg smilende, overlagt med forskjellige ord i forskjellige fonter og størrelser.

Jon Fosse ord for ord

Nobelhelga 8. – 10. desember går den historiske hendinga «Jon Fosse ord for ord» av stabelen på Det Vestnorske Teateret. Om kvelden fredag 8. desember set eit stort lag med 40 skodespelarar i gong med å lese alle Jon Fosses  41 skodespel i rekkefølge, på 40 timar. NRK sender alt direkte,  krydra med engasjerte innslag og kommentarar frå fjern og nær. Den samanhengande lesinga vil gå føre seg dag og natt , utan stans, til utpå føremiddagen søndag den 10. desember.

– Eg er glad og takksam for denne store satsinga og eg har aldri før høyrt om noko liknande, seier Jon Fosse.  – Dette vert rett og slett ei verdshending folk aldri har sett maken til,  seier teatersjef Thomas Bye ved Det Vestnorske Teateret.

Eit unikt samarbeid mellom fire teater og NRK
Det Vestnorske Teateret står i spissen for dette store samarbeidsprosjektet med NRK. Med i samarbeidet er òg Den Nationale Scene, Det Norske Teatret og Teater Vestland. Ei stor gruppe skodespelarar, mange med vestlandsk tilknyting, vil skifte på å gi oss inspirerte lesingar.

Direktesending med publikum i salen
Vi byrjar med «Nokon kjem til å kome» frå 1992 og rundar av med mellom anna  «I svarte skogen inne», som hadde urpremiere på Det Vestnorske Teateret under Festspillene i Bergen i år.

Lesingane vil gå føre seg framfor publikum i teatersalen.
Det Vestnorske Teatret legg billettar i sal innan få dagar. Så følg med her!

NRK kjem òg til å legge heile sendinga ut til strøyming via NRKTV.

Dette er gjort mogleg med øyremerka tilskot frå Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Sparebanken Vest, samt NRK.