Ein mann står og syng, dag etter dag. Tretti år etter at Jon Fosse skreiv monologen «Gitarmannen» får teksten no nytt liv på scena. Det som ein gong voks fram i ei skriveflyt i ei dobbeltseng i Ibsens gate, blir no løfta fram for publikum. Med Bjørn Willberg Andersen (Bamse) i rolla han var skriven for, og med nykomponert musikk av Lars Lillo-Stenberg.
Jon Fosse om «Gitarmannen»: Frå ei dobbeltseng i Ibsens gate
Vi har snakka med Jon Fosse om korleis «Gitarmannen» blei til, og om reisa stykket har hatt gjennom åra før det no endeleg blir framført i Bergen.
«Gitarmannen» blei skriven i 1994. Kan du fortelje litt om korleis stykket oppstod?
– Det er jo tretti år sidan, minst, eg skreiv dette stykket. Eg hugsar at eg skreiv det då eg var i ein fin skriveflyt etter å ha skrive «Namnet», det tredje stykket eg skreiv. Om eg ikkje minnest feil, var det Bamse som ynskte seg ein monolog om ein gitarist. Kanskje tenkte han seg noko meir glamorøst enn den gitarmannen eg skreiv fram, nokon produksjon kom det i alle fall ikkje til.
Urpremieren var ein del år seinare på Cinober Teater i Gøteborg, der vart «Gitarmannen» spelt på beste vis av den no avlidne skodespelaren Harry Goldstein.
Etter den tid har det vore nokre produksjonar, den mest kjende er vel då Joseph Bierbichler ein av dei mest kjende tyske skodespelarane, spelte rolla på Schauspielhaus Zürich i regi av Christoph Marthaler.
Kva var situasjonen eller augneblinken som fekk deg til å seie ja til å skrive ein monolog for Bamse?
– Eg vart jo kjend med Bamse då han spelte i «Namnet», og gjennom instruktør Kai Johnsen. Og det var altså i samtale med Bamse idéen om monolog om ein mann som spelar gitar dukka opp.
Eg budde på den tid i Ibsens gate, og har eit minne om at eg låg i dobbeltsenga der og skreiv monologen. Det var fyrste gongen eg prøvde skriva ein monolog.
Kva var det ved denne figuren, gatemusikanten, som grep deg, eller som gjorde at du ville skrive om han?
-Når eg skriv, byrjar eg berre å skriva, og så lyttar eg meg framover og skriv det eg skriv. Det skriv seg på ein måte sjølv. Slik er det alltid.
No skriv Lars Lillo-Stenberg musikk til denne framsyninga. Kva tenkjer du at musikken vil tilføre stykket?
-Det er sjølvsagt stor stas at Lars Lillo-Stenberg skriv musikken!
Idéen til «Gitarmannen» oppstod i ei samtale med Bamse. Eit menneskeleg møte vart til ein tekst, og no kan publikum oppleve framsyninga på scena på Sardinen USF, med premiere 21. januar 2026.