En kvinne i hvit kjole med rosa corsage poserer gledesstrålende blant konfetti og lys. Overlagt tekst lyder: "TIL STJERNENE FALT NED BETH STEEL.

Til stjernene fell ned

307

Kjærleik i lufta. Sanning på bordet. 

Det er sommar. Det er bryllaup. Familien har samla seg for å feire Sylvia og Marek.  Musikken dundrar og glas klirrar, men under latteren og dansen ulmar alt det som aldri har blitt sagt.

Komedie

Skolten

8. mai 2026

TBA

Annen info

En kvinne i hvit kjole med rosa corsage poserer gledesstrålende blant konfetti og lys. Overlagt tekst lyder: "TIL STJERNENE FALT NED BETH STEEL.

Om forestillingen

Det som byrjar med hårspray, kjoletrøbbel og søskenkrangel blir eit eksplosivt oppgjer mellom generasjonar med draumar, skuffelsar og svik. Når natta fell på og festen kokar over, er det ingen som slepp unna.

Beth Steels kritikarroste «Til stjernene fell ned» er eit varmt, vittig og nådelaust familiedrama om kjærleik, stoltheit og tilhøyrsle. Gjennom éin einaste dag og ein stadig meir kaotisk bryllaupsfest trer ein heil familie fram i all si skjønnheit og skam.

Med skarpt språk, mørk humor og eit usedvanleg presist blikk for menneskeleg åtferd viser stykket korleis vi blir forma av det vi kjem frå, og kor vanskeleg det er å sleppe taket i dei vi kallar våre eigne.

Kva skjer når den lukkelegaste dagen i livet vårt opnar døra til alt vi eigentleg ikkje snakkar om?
 

+ Les mer

«Til stjernene fell ned» hadde urpremiere på National Theatre i London i januar 2024 og har fått strålande omtalar. Den blei då mellom anna omtalt som «magnificent theatre» og «a gloriously messy affair» av britisk presse. 

Foto: Helge Hansen & Jonas Bostrøm | Montag

Av Beth Steel
Omsett av Selma Lønning Aarø
Regi: Miriam Prestøy Lie 

Kjøp billetter
Denne forestillingen er inkludert i Årskort 2026.  

+ Se flere datoer

Medvirkende

+ Se alle medvirkende

Av Beth Steel
Omsett av Selma Lønning Aarø 

Regi: Miriam Prestøy Lie