To storøyde barn i dyrekostymer står foran en stor måne, omgitt av mørke fugler og en mystisk skikkelse. Ordet "NATTFOLKET" står nederst.

Nattfolket

10.06.2026

Urpremiere på Festspillene

Nattfolket er ein humoristisk og leiken opera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell. Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak.

Familieopera for alle frå 8 år og oppover.

Cornerteatret

06 – 09. juni 2026

1 time og 15 min (ingen pause)

To storøyde barn i dyrekostymer står foran en stor måne, omgitt av mørke fugler og en mystisk skikkelse. Ordet "NATTFOLKET" står nederst.

Om forestillingen

Bygda Indre Kluredal er delt i to. På den eine sida ligg sentrum med rådhuset. På den andre sida ligg ein gammal eikeskog. Der lever Nattfolket i eit magisk univers. Dei liknar både fuglar og menneske. Alle elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og glade i ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.

Ordføraren i Indre Kluredal heiter Kjell og eig mykje skog. Han kjem i konflikt med Nattfolket. Dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til eit nytt hyttefelt og ein naturpark, mistar dei heimen sin. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er ei heks som kan ta songstemma frå folk. Då vert livet trist for menneska.

Noah og Ciril må reisa for å henta hjelp frå dronninga i hovudstaden. Ho er klar som eit egg til å bidra. Ho vil vera ei folkedronning.

+ Les mer

Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg – samstundes handlar den også om gleda ved det å synga!

Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.

Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.

Musikk: Knut Vaage 
Libretto: Bjørn Sortland
Dirigent: Ingar Bergby
Regi: Erik Ulfsby

Kjøp billetter her!

Billettene selges via nettsidene til BNO.
Forestillingen inngår ikke i DNS sitt årskort.

Medvirkende

+ Se alle medvirkende

KUNSTNERISK TEAM
Ingar Bergby / Dirigent
Erik Ulfsby / Regissør
Belinda Braza / Koreograf
Vasylyna Kharchevka/ Scenograf
Ingrid Nylander / Kostymedesignar
Torkel Skjærven / Lysdesignar
Håkon Matti Skrede / Kormester
Lillian Bikset / Dramaturg

MEDVIRKENDE
Maia Reppe / Noah
Eldrid Gorset / Ciril
Håvard Stensvold / Kjell
Siv Oda Hagerupsen / Gunn (Cyrewen)
Ivi Karnezi / Dronning Bibbi Jeanette

Eirik del Barco Soleglad
Tormod Løvold
Jonas Fuglevik Urstad
mfl.

Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Vokalensemble
Edvard Grieg Jentekor
Edvard Grieg Guttekor

Synges på norsk, tekstes på norsk

Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.

Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.