Nattfolket
Urpremiere på Festspillene
Nattfolket er ein humoristisk og leiken opera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell. Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak.
Familieopera for alle frå 8 år og oppover.
Cornerteatret
06 – 09. juni 2026
1 time og 15 min (ingen pause)
Om forestillingen
Bygda Indre Kluredal er delt i to: Det lokale sentrumet med rådhus, og ein gammal eikeskog der Nattfolket – nokre fugleaktige, menneskeliknande vesen – lever i eit slags magisk univers. Alle i Nattfolket elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og likar ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.
Ordføraren i Indre Kluredal, skogeigaren Kjell, kjem i konflikt med Nattfolket. Dei vil miste livet sitt dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til det nye hyttefeltet og naturparken Kjell vil byggje. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er at dei har ei heks som kan ta songstemma frå folk, slik at livet vert trist for menneska.
Noah og Ciril må henta hjelp frå sjølvaste dronninga i hovudstaden. Og ho er klar som eit egg til å bidra – ho vil vera ei folkedronning!
Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg – samstundes handlar den også om gleda ved det å synga!
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.
Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.
Medvirkende
KUNSTNERISK TEAM
Ingar Bergby / Dirigent
Erik Ulfsby / Regissør
Belinda Braza / Koreograf
Vasylyna Kharchevka/ Scenograf
Ingrid Nylander / Kostymedesignar
Torkel Skjærven / Lysdesignar
Håkon Matti Skrede / Kormester
Lillian Bikset / Dramaturg
MEDVIRKENDE
Maia Reppe / Noah
Eldrid Gorset / Ciril
Håvard Stensvold / Kjell
Siv Oda Hagerupsen / Gunn (Cyrewen)
Ivi Karnezi / Dronning Bibbi Jeanette
Eirik del Barco Soleglad
Tormod Løvold
Jonas Fuglevik Urstad
mfl.
Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Vokalensemble
Edvard Grieg Jentekor
Edvard Grieg Guttekor
Synges på norsk, tekstes på norsk
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.
Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.