Et portrett av en mann posert mot en mørk bakgrunn med neontekst overlagt som lyder "KVIT, NORSK MANN" og krediterer forfatteren, Brynjulf Jung Tjønn.

Kvit, norsk mann

256

Brynjulf Jung Tjønns kritikerroste diktverk «Kvit, norsk mann» blir teater. 

Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.

Drama

Lille Scene

Premiere 4. oktober ( 7. september Vega Scene, Oslo)

TBA

Gjestespill, inngår ikke i årskort

Et portrett av en mann posert mot en mørk bakgrunn med neontekst overlagt som lyder "KVIT, NORSK MANN" og krediterer forfatteren, Brynjulf Jung Tjønn.

Om forestillingen

«Kvit, norsk mann» byggjar på forfattar Brynjulf Jung Tjønn sine eigne erfaringar, og set vår samtid og kultur under lupa. Gjennom dikta fortel han om erfaringane han har hatt som adoptivbarn, og set søkjelyset på identitet, tilhøyrsle og rasisme. Og det å bli tatt for å vere utlending når ein ikkje er det.

Framsyninga «Kvit, norsk mann» tek utgangspunkt i boka. Teksten er ei reise som held fram, innover og utover, framover og bakover, gjennom livslinjer og slektskap. Tankar om kven han er. Plassen hans og verdien i verda. Kort sagt: Ei lengt etter å bli ein kvit, norsk mann. Ville ikkje livet då ha vore mykje enklare?

+ Les mer

«kva vil du bli
når du blir stor?

eg vil bli

ein kvit, norsk mann»

På scenen finn vi skodespelar Huy Le Vo og musiker og komponist Kim Thanh Ngo, òg kjent under artistnamnet Kim Dürbeck. Maren Bjørseth har regi og Norunn Standal har lys- og scenografi.

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Vega Scene i Oslo og Den Nationale Scene. Den er støtta av Fritt Ord, Bergesenstiftelsen og Oslo kommune. Teksten er utvikla med støtte frå Dramatikkens hus.

Sitat er henta frå Kvit, norsk mann, – Brynjulf Jung Tjønn, Cappelen Damm 2022

Skuespiller: Huy Le Vo
Komponist og musiker: Kim Thanh Ngo

Regissør Maren E. Bjørseth
Visuell designer (Lys, scenografi og kostyme) Norunn Standahl
Koreograf Magnus Myhr
Dramaturg Kjersti Gulliksrud

Kjøp billetter

Denne forestillingen er ikke inkludert i Årskort 2024.

+ Se flere datoer

Medvirkende

+ Se alle medvirkende

Skuespiller: Huy Le Vo
Komponist og musiker: Kim Thanh Ngo

Regissør Maren E. Bjørseth
Visuell designer (Lys, scenografi og kostyme) Norunn Standahl
Koreograf Magnus Myhr
Dramaturg Kjersti Gulliksrud