Illustrasjon av karakterer som kjører på et stort, pæreformet fartøy på havet. Teksten lyder «Musikalen Den Utrulege Historia om Den Kjempestore Pæra» av Jacob Martin Strid.

Den utrulege historia om den kjempestore pæra

279

Ein eventyrleg musikal for heile familien

Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar for born frå fem år og oppover – for dette blir teatermoro for heile familien!

Musikal

20. november 2025

Omlag 2 timar( inkl. 20 min pause).

I korte sekvensar vert det nytta scenerøyk og strobelys i framsyninga.

Passar best for born frå fem år

Illustrasjon av karakterer som kjører på et stort, pæreformet fartøy på havet. Teksten lyder «Musikalen Den Utrulege Historia om Den Kjempestore Pæra» av Jacob Martin Strid.

Om forestillingen

Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga lasta med songar og musikk av Julian Berntzen.

Med andre ord ligg alt til rette for ein pærefekt kveld på teateret.

+ Les mer

Framsyninga er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Den Nationale Scene. Produsert etter avtale med Songbird Agency og  Gyldendal Group Agency København.

Framsyninga passar best for dei som har fylt fem år, og dei aller yngste pære-karta bør få litt meir tid til å modne før dei kan kome inn i teatersalen.

Info om billettsal: Både DVT og DNS sel billettar. DVT sel venstre side av salen og DNS høgre. Det er dei samme billettprisane hos begge.
Treng du rullestolplass, eller bruke medhøyrsanlegg, ta kontakt med DVT på: publikum@detvestnorsketeateret.no 

av Jakob Martin Strid
Regi: Line Paulsen

Kjøp billetter

Du kan også kjøpe billetter hos Det Vestnorske Teater.

 

+ Se flere datoer

Medvirkende

+ Se alle medvirkende

av Jakob Martin Strid
Dramatisering og songtekstar av Anders Lundorph
Musikk av Julian Berntzen
Underscore, arrangement og musikkproduksjon av Kato Ådland
Omsett frå dansk av Aslak Moe

Regissør: Line Paulsen
Scenograf: Vasylyna Kharchevka
Kostymedesign: Mari Hesjedal
Lysdesignar: Silje Grimstad
Lyddesignar: Lars-Andreas Forthun
Musikalsk leiar: Kato Ådland
Koreografisk assistanse: Ann-Terese Aasen
Dramaturg: Aslak Moe

Musiker: Tommy Haltbakk

Produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret

Produsert etter avtale med Songbird Agency og  Gyldendal Group Agency København.

Illustrasjon: Jacob Martin Strid. Logo: Julian Berntzen