To unge gutter sitter tett sammen og ser fremover med bekymrede ansiktsuttrykk. Teksten "Brødrene Løvehjerte Astrid Lindgren" står nederst i bildet.

Brørne Løvehjarte

306

Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene – og om å finne motet i seg sjølv!

Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.

Barn og unge

Fana kulturhus

7. februar 2026

TBA

Annen info

To unge gutter sitter tett sammen og ser fremover med bekymrede ansiktsuttrykk. Teksten "Brødrene Løvehjerte Astrid Lindgren" står nederst i bildet.

Om forestillingen

Historia handler om brørne Jonatan og Karl – eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala – til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.

Og det slepp han.

+ Les mer

For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»

I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren.

«Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene.

Av Astrid Lindgren
Omsetjing Elise Risnes Eikevik
Omarbeidd av Toril Solvang-Kayiambakis
Regi: Miriam Prestøy Lie

Kjøp billetter

Denne forestillingen er inkludert i Årskort 2026.

+ Se flere datoer

Medvirkende

+ Se alle medvirkende

Regissør: Miriam Prestøy Lie I Scenograf og kostymedesignar: Tora Troe I Komponist Selma Frida Stang I Lyddesignar Viljar Losnegård I Lysdesignar Arne Kambestad I Videodesign Arne Kambestad og Tora Troe I Dramaturg: Kjersti Gulliksrud.

Teaterforlaget Nordiska ApS – www.nordiska.dk