En gruppe mennesker i svarte klær står på steinete terreng nær vann. Ovenfor vises svart-hvitt portrettbilder av fire personer. Himmelen er overskyet i bakgrunnen.

24.08: Festframsyning: «Dei guddommelege søstre»

Dei guddommelege søstre, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, kviskrar, skrik,
kjempar og syng for oss i ei unik festframsyning på Tusenårsstaden i Gulen 24. august kl 21:30. Med nyskrivne tekstar og fleirstemde salmar og folketonar, feirar vi dydane som bind oss saman som borgarar og medmenneske.

Denne kvelden vert dei fire guddommelege søstrene løfta fram og inn i vår eiga tid av skodespelarar frå Den Nationale Scene og tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn. Med er også det prislønna vokalensemblet Multa Paucis og musikarane Karl Seglem og Kåre Opheim.

I festframsyninga «Dei guddommelege søstre» vert songen ein del av eit større lydlandskap under nattehimmelen på tusenårsstaden. Dette er ein del av jubileumsfeiringa 23.-24. august på Gulatinget i høve Nasjonaljubileet Noreg i tusen år og Landslovsjubileet 750 år.

Då den norske staten vart skapt på 1100-og 1200-talet, og Noreg gjekk frå eit vikingsamfunn til å følgje Magnus Lagabøtes landslov, spelte historia frå Bibelen om dei fire guddommelege søstrene ei heilt sentral rolle. Til og med på vestveggen til Nidarosdomen finn du dei, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, som ei påminning om å verne demokratiet og ta dei med inn i framtida.

Under Bergen kirkeautonnale, skal Dei gudommlege søstre visast i Bergen domkirke 19. september, i ein tilpassa versjon.

Ein samproduksjon mellom Gulatinget 2024 og Den Nationale Scene. I samarbeid med  Bergen kirkeautunnale – Kyrkjekultur Vest – Bjørgvin kirkeakademi og Bjørgvin bispedømme.

 

Kunstnarleg ansvarleg: Ragnhild M. Gudbrandsen I Musikarar: Karl Seglem, Kåre Opheim I Skodespelarar: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Dale, Ragnhild M. Gudbrandsen I Dirigent: Mikael Hedné I Kor: Multa Paucis