En eldre mann og kvinne står ute, med hver sin hånd på en trestamme, og smiler til kameraet under en klar blå himmel.

23.09: Ivar Aasen – kjærleik, botanikk og romantikk

I ei musikalsk framsyning på Lille DNS 23. september blir vi kjende med Ivar Aasen som lyrikar og romantikar. Vi får høyre om den store kjærleiken hans til naturen og om den djupe, ulukkelege kjærleiken til Berte.

Onsdag 23. september er det 130 år sidan Ivar Aasen døydde. Ekteparet Gerald Pettersen og Hedvig Garshol har laga ei hyllest til han med dikt og song. Aasen gifta seg aldri, men vigde livet sitt til språket. Som ung huslærar i Herøy på Sunnmøre samla han plantar, og han forelska seg i tenestejenta Berte. Etter kvart vart han pressa til å bryte forholdet for å kunne halde fram med det vitskaplege arbeidet sitt, og han bar den tapte kjærleiken med seg resten av livet.

I ein sorgmunter og koseleg time på Lille DNS får publikum smakebitar frå det lyriske universet hans. Framsyninga blir spelt to gonger onsdag 23. september. Billett berre kr 150.

Ivar Aasen var ein nasjonsbyggjar og ein brubyggjar mellom naturvitskap og humaniora, mellom talemål og skriftspråk, og ikkje minst mellom landsdelane. Språkforskaren Ivar Aasen er mest kjend som grunnleggjaren av nynorsk. På 1840-talet reiste han rundt i Noreg og samla inn og systematiserte dialektar. Med utgangspunkt i dette utvikla han landsmålet – eit forsøk på å skape eit felles norsk skriftspråk. Aasen tok òg landsmålet i bruk som lyrikar. Blant dei mest kjende dikta hans er «Nordmannen», ofte kalla «Mellom bakkar og berg».

Gerald Pettersen vart tilsett ved Den Nationale Scene i 1992 og arbeider framleis som frilans skodespelar på scene og film. Hedvig Garshol har òg lang erfaring som skodespelar og songar, mellom anna frå DNS.