Dei guddommelege søstre, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, kviskrar, skrik,
kjempar og syng for oss i ei festframsyning i Bergen domkyrkje 19. september kl 18:00. Med nyskrivne tekstar og fleirstemde salmar og folketonar, feirar vi dydane som bind oss saman som borgarar og medmenneske.
19.09: Festframsyning: «Dei guddommelege søstre»
Denne kvelden vert dei fire guddommelege søstrene løfta fram og inn i vår eiga tid av skodespelarar frå Den Nationale Scene og tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn. Med er også det prislønna vokalensemblet Multa Paucis og musikarane Karl Seglem og Kåre Opheim.
Kvelden opnar med ein samtale om tru mellom kulturminister Lubna Jaffery og biskop Ragnhild Jepsen, leia av domprost Gudmund Waaler.
«Dei guddommelege søstre» ein del av jubileumsfeiringa på Gulatinget i høve Nasjonaljubileet Noreg i tusen år og Landslovsjubileet 750 år. No visast den under Bergen kikreautunnale.
Då den norske staten vart skapt på 1100-og 1200-talet, og Noreg gjekk frå eit vikingsamfunn til å følgje Magnus Lagabøtes landslov, spelte historia frå Bibelen om dei fire guddommelege søstrene ei heilt sentral rolle. Til og med på vestveggen til Nidarosdomen finn du dei, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, som ei påminning om å verne demokratiet og ta dei med inn i framtida.
Ein samproduksjon mellom Gulatinget 2024 og Den Nationale Scene. I samarbeid med Bergen kirkeautunnale – Kyrkjekultur Vest – Bjørgvin kirkeakademi og Bjørgvin bispedømme. Produksjonen er støtta av Vestland fylkeskommune
Kunstnarleg konsept: Ragnhild M. Gudbrandsen. Tekstar: Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn.
Regi: Ragnhild Gudbrandsen. Musikarar: Karl Seglem, Kåre Opheim. Skodespelarar: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Dale, Ragnhild Gudbrandsen. Dirigent: Mikael Hedné Kor: Multa Paucis. Visuelt innhald på Tingveggen: Birk Nygård Lysdesign: Thale Tollefsen