Å feire ein nobelprisvinnar er ikkje kvardagskost. DNS stiller seg jublande mellom gratulantane, og byr inn til Fosse-stund i storstova vår tysdag 14. november kl. 20:00.
14.11: Fosse-stund i storstova
Dramatikken til Jon Fosse har laga djupe spor over heile verda. Universet til Fosse har òg satt sitt preg på teateret på Engen. For orda til Jon Fosse legg seg på hjarte til publikum, men óg for dei som jobbar her. Denne kvelden vil difor eit knippe skodespelarar og teatersjefar fortelje om deira første møte med Fosse.
Jon Fosse debuterte som dramatikar med «Og aldri skal vi skiljast» på den Nationale Scene i 1994. Unni Kristin Skagestad og Bjørn Willberg Andersen gav liv til Kvinna og Mannen i urframføringa, og er òg med denne kvelden nesten tretti år seinare. Gerald Pettersen gir eit utdrag frå monologen «Slik var det», og Irene Waage, Morten Færestrand og Helge Lilletvedt byr på Fosse-jazz.
Teatersjef Solrun Toft Iversen er vertinne, og med seg har ho Tom Remlov som var teatersjef då det heile starta.
Varigheit: Ca 1 time og 10 min.
Pris: 200 kr