En smilende mann med briller opplyst varmt innendørs.

10.10: Medaasprisen

Medaasprisen heidrar utøvande kunstnarar tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. På årets festkonsert 10. oktober vert Medaasprisen delt ut til Sigvart Dagsland.

Prisvinnaren får selskap av ei rekkje artistar denne kvelden på Den Nationale Scene: Bjarte Hjelmeland, Marthe Wang, Berit Håpoldøy, Tor Endresen, Knut Elvik, Bjarte Leithaug, Bjørn Jensen, Jan Arne Knutsen, Sander Petersen Syslak og Bård Ose og Voksne Herrers Orkester. Konferansier er Finn Tokvam.

Sigvart Dagsland (58) er songar, pianist, komponist, tekstforfattar og arrangør – oppvaksen i Stavanger og busett i Bergen. Dialekta har gjennom meir enn 35 år sett eit tydeleg merke på songane han har skrive, på eiga hand eller saman med andre. Han fann tidleg sin eigen måte å veve vestlandsk vér og vind inn i desse. Dagsland skildrar møte mellom menneske på ein måte som får oss til å undrast over dei store spørsmåla i livet.

Sigvart Dagsland er óg ein av Norges framste sceneartistar. Han har eit spenn frå det nære, menneskelege til kraftfulle stemningar og eineståande vokalprestasjonar. Med songar og forteljingar knyt han band mellom artist og publikum på meisterleg vis. Det er berre å gle seg til festkonserten på Den Nationale Scene!

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Vidar Bratlund-Mæland og 25.000 kroner.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:

Ingebjørg Bratland (2021)

Hellbillies (2020)

Kari Bremnes (2019)

Lars-Lillo Stenberg (2018)

Vamp (2017)

Sigrid Moldestad (2016)

Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)

Salhusvinskvetten (2014)

Claus Sellevoll (2013)

 Jan Eggum (2012)

Fargespill (2011)

Helge Jordal (2010)

Øystein Sunde (2009)

Olav Stedje (2008)

Jan Arvid Johansen (2007)

Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)

Odd Nordstoga (2005)

Unni Løvlid (2003)

Sturla Eide Sundli (2002)

Linda Røyseth (2001)

Linda Fosse Hagen (2000)