Featured Video Play Icon

Sytten somrar

Sytten somrar

213

12.03.2023

- Ei tyskarjente si historie

Våren 1945 er for alltid rissa inn i historia vår. Også i livet til sytten år gamle Solveig. Det er den våren ho treff den tyske soldaten Hans, og tek eit val som kjem til å forme resten av livet hennar.

Portrett av en kvinne med et kontemplativt uttrykk, tekst "syttensomrar" lagt over i bunnen.

Om forestillingen

av Stig Amdam
Regi: Miriam Prestøy Lie
Urpremiere: 28. januar, Teaterkjelleren
Varigheit: ca 1 time og 25 minutt

«Sytten somrar» er eit nyskrive stykke som fortel historia til ei av dei mange «tyskarjentene» under den andre verdskrigen. Det er ei sterk og dramatisk skjebneforteljing om kjærleik og svik. Ei historie om øydelagde familiar, og om den brutale behandlinga norske kvinner som forelska seg i tyske soldatar fekk i det nasjonale krigsoppgjeret. I «Sytten somrar» flyt fleire tidsplan over i kvarandre, og vi følgjer Solveig frå ho står på terskelen til vaksenlivet i Noreg, og gjennom livet ho stablar på føtene i eit utbomba Aust-Tyskland åra etter krigen.

Sjølv om det å vere kjærast med ein tysk soldat ikkje var straffbart, fekk mange norske kvinner brutal straff i etterkrigstida. Og det var ikkje så reint få: ei berekning anslår at så mykje som om lag ti prosent av norske kvinner mellom 15-30 år vart saman med ein tysk soldat under okkupasjonstida. Sjølv om ein kjærleiksrelasjon ikkje var nok til tiltale etter landssviklovgivninga, blei mange av kvinnene likevel internert. Fleire av kvinnene blei òg utsett for offentlege hemnaksjonar, tvangsklipping og tvangsundersøkingar.

Sommaren 1945 vart grunnlova endra med tilbakeverkande kraft, slik at dei som hadde gifta seg med ein tysk soldat fekk fråteke statsborgarskapet. På 1950-tallet kunne nokre av kvinnene søke om å få tilbake det norske statsborgarskapet under strenge reglar. Dei måtte blant anna flytte tilbake til Noreg, der den hatske haldninga mot dei var relativt uendra.

Les mer

«Sytten somrar» er skrive av Stig Amdam. Som dramatikar belyser han ofte historiske hendingar gjennom engasjerande og nære menneskeskildringar, og har tidlegare skrive mellom anna «Dyveke», «Et bedre sted», «Simons historie» og «Skipet de Zee Ploeg».

Regissør Miriam Prestøy Lie har dei siste åra markert seg gjennom ei rekke kritikarroste oppsetjingar, og var i 2022 aktuell med «De ansatte» av Olga Ravn på DNS. Til «Sytten somrar» har ho fått med seg komponistane Chris Holm og Thea Hjelmeland, lysdesignar Silje Grimstad og scenograf og kostymedesignar Tora Troe

Kjøp billetter

+ Se flere datoer

Bilder

Medvirkende

Se alle medvirkende

Regissør: Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesigner: Tora Troe
Lys – og videodesigner: Silje Grimstad
Musikk: Chris Holm og Thea Hjelmeland
Dramaturg: Idun Vik, Lillian Bikset

Inspisient: Julie Bakke Kvalen
Lysmester: Dag Tømmerbakke
Lydteknikker: Tor Endre Kalvenes
Maskør: Jim Robin Skorpen
Kostymeansvarlig: Maren Wagtskjold-Myran
Rekvisitør: Magnus Holm, Frode Prestegård
Påkleder: Anja Marie Homestad Thorsen
Sufflør: Birte Valkyrje Rolland

Relatert innhold

Podkast: Å fortelle om «tyskertøser»

Møt dramatiker Stig Amdam og historiker Monica Waage Johannessen til samtale om det nyskrevne stykket «Sytten somre». Historiker og lærer ...

Gavekort

Gi teatermagi i gave! Du bestemmer selv beløpet du vil gi.

Nyhetsbrev

Få rykende fersk informasjon og de beste tilbudene først.

Teatertjommi

For deg mellom 18 og 30 år. Forestillinger til 50 % rabatt, og mer!